Trio Tragder (folkemusikk frå austfylket) GRATIS konsert på Kristiansand museum

16. august kl 00:00-19:30 | Vigeveien 22 B
Trio Tragder.
Trio Tragder.

Kristiansand museum inviterer til gratiskonsert med Trio Tragder på Setesdalstunet 16. august 2024 kl. 18.00.

Trio Tragder er ei gruppe som består av røynde musikarar med bakgrunn i folkemusikk, jazz og bluegrass. Trioen jobbar med folkesongar og instrumental folkemusikk frå stader i Agder ein kanskje vanlegvis ikkje forbind med denne musikksjangaren, som Grimstad, Froland og Vegårshei, men og stader som Tovdal, og Gjerstad. Det blir både kjærleik og vatn, liv og død i denne konserten, som spenner frå mellomalderballadar via spennande slåttar og sørgelege skillingsviser til nyskrive materiale.

Trio Tragder består av Nina Byttingsmyr fra Froland (fele og hardingfele), Torgeir Tønnevold Fiane fra Løddesøl (trøorgel) og Olaf Moen fra Akland (vokal).

Salg av drikke. Vi tar kun Vipps.
Ta med campingstol om du har lyst til å sitte.
Gratis parkering rett ved inngangen til Kristiansand museum.

Bli med på lun og fin konsert. Velkommen.