Om setesdølar på bytur – Foredrag i Odderøya museumshavn

27. mars kl 19:00-20:30 | Nodeviga
Historier i et museum - Om setesdølar på bytur.

Det har ikkje alltid vore sjølvsagt at setesdølane reiste til Kristiansand. Når dei trong korn var det kortare veg til Stavanger. Slik var det til Postvegen kom. Deretter kom dampbåten, jernbanen og Setesdal bilruter, og sidan er det ingen som har vore i tvil om kva som er Byen for setesdølane.

Veg, båt, bane, buss og bil.

Om setesdølar på bytur, og korleis framveksten av kommunikasjonar knyter bygdene og byen saman.

Vi set fokus på utviklinga av vegar og kommunikasjonar i Setesdal mellom Bjåen og Byen. Den turen som dei før brukte tre veker på fram og tilbake, er no unnagjort på nokre timar.

Når: Torsdag 27. mars 2025 kl. 19 i Odderøya museumshavn, Nodeviga, Kristiansand.
Dørene åpner kl. 18.30.

Gratis inngang med Vest-Agder-museets årskort.

Praktisk info: Det er ikke parkering i Nodeviga. Vi anbefaler å bruker Kildens parkeringshus som ligger en 5 minutters spasertur unna.

Om foredragsholderen:

Historikar Leonhard Jansen er tidlegare konservator NMF og leiar på Setesdalsmuseet, og har skriva bøker mellom anna om Postvegen og Setesdal Bilruter.

Veg til Hovden i 1935. Denne kolonna transporterte utstyr til det nybygde Hovden Høifjellshotell vinteren 1937. Foto Lars Liestøl.
Sjølv om det kom veg til Hovden i 1935, var det ikkje alltid muleg å kome fram med rutebilane. Denne kolonna transporterte utstyr til det nybygde Hovden Høifjellshotell vinteren 1937, etter ein langvarig periode med snø og vind. Foto: Lars Liestøl.
Byglandsfjord ca. 1897. Der korresponderte Setesdalsbanen med dampbåtane, og dei fyrste husa kom opp. Mellom anna Breidablikk hotell lengst bak i biletet. Rv. 9 har nesten same trasé i dag som postvegen. Huset lengs til venstre står ennå. Foto: Gunnar Løvland/Rolf Sigurd Løvland si fotosamling.
Byglandsfjord ca. 1897. Der korresponderte Setesdalsbanen med dampbåtane, og dei fyrste husa kom opp. Mellom anna Breidablikk hotell lengst bak i biletet. Rv. 9 har nesten same trasé i dag som postvegen. Huset lengs til venstre står ennå. Foto: Gunnar Løvland/Rolf Sigurd Løvland si fotosamling.
Arrangementet er del av foredragsrekken «Historier i et museum» i Odderøya museumshavn.

I denne foredragsserien inviterer vi til spennende foredrag knyttet til Kristiansand og Sørlandet.